Hopp til innhold Hopp til hovedmeny

Intranett > Tenesteområde > Utdanning > Nyheiter > Bjørn Johannessen ny rektor ved Kristiansund videregående skole

Bjørn Johannessen ny rektor ved Kristiansund videregående skole

Bjørn Johannessen (58) er tilsett i og har takka ja til stilling som rektor ved Kristiansund videregående skole. 

- Eg ser fram til å begynne som rektor ved Kristiansund videregående skole fordi dette er ein stor og solid skole med lange tradisjonar innan yrkesfag. Å få vere med og vidareutvikle skolen saman med dei tilsette, slik at dette blir ein best mogeleg skole i framtida, er noko eg ser fram til. Eg synest eg har fått den mest spanande rektorjobben i fylket, seier Bjørn Johannessen.

Johannessen var ferdig utdanna bioingeniør i 1974 og tok seinare vidareutdanning innafor området. I 1980 tok han praktisk pedagogisk utdanning, og han gjennomførte to-årig edb-utdanning på 80-talet. Johannessen har i haust fullført masterutdanning for skoleleiarar ved NTNU.

Bjørn Johannessen har hatt stillingar knytt til skole og utdanning etter at han i 1980 starta som høgskolelærar ved Trondheim ingeniørhøgskole. Frå 1985 har han arbeidd ved Romsdal videregående skole. Dei første åra som lærar/hovudlærar og frå 1992 har han hatt forskjellige leiarstillingar ved skolen, først som inspektør og pedagogisk leiar, seinare i stilling som assisterande rektor. Frå 2007 har han vore rektor ved skolen. Johannessen har òg arbeidd som prosjektleiar i Kirke-, utdannings- og forskningsdepartementet eit par år på 90-talet.
Last ned stort bilde av Bjørn Johannessen
Kontaktpersonar:
Per Hoem – fylkesutdanningsdirektør, mob. 950 65 597
Bjørn Johannessen, 922 97 625