Ivar Rød ny rektor ved Romsdal videregående skole
Pressemelding frå Møre og Romsdal fylkeskommune
- Eg har arbeida på skolen i snart tre år som assisterande rektor og fått god innsikt i, og stor respekt for den fantastiske jobben dei tilsette og elevane gjer ved skolen. Romsdal videregående skole har eit breitt fagtilbod, og gjennom dei to siste åra har vi arbeida målretta med å bygge ein felles identitet og plattform på tvers av fag og lokasjon. Dette arbeidet har vore inspirerande og gjer at eg kjenner meg trygg på at vi kan vidareutvikle skolen til ein solid og god læringsarena. Frå hausten skal vi ta til i eit stort nasjonalt utviklingsprosjekt ”Betre læringsmiljø” i regi av Utdanningsdirektoratet, eit arbeid eg ser fram til, avsluttar Rød.
Rød var ferdig utdanna adjunkt ved Høgskolen i Volda i 1989. Han har seinare gjennomført vidareutdanning innafor m.a. IKT, offentleg forvaltning og offentleg rett, og er no i gang med mastergrad i skoleleiing. Han har leiarutdanning frå forsvaret og har vore områdesjef i Aukra, Midsund og Sandøy. Han har og vore stabsoffiser i Molde heimevernsområde.
Ivar Rød har hatt stillingar knytt til skule og utdanning i 20 år, først i undervisningsstilling i Aukra kommune og seinare som rådgivar ved Statens utdanningskontor og utdanningsavdelinga i Møre og Romsdal fylke. Han vart tilsett i stilling som assisterande rektor ved Romsdal videregående skole hausten 2007. Frå november 2009 har han vore konstituert i stilling som rektor ved skolen.
